Store planar for Myrkdalen dei neste åra.
Rundt 700-800 millionar kroner skal investerast i det som vil bli eitt av Noregs største alpinanlegg.
Tilbodet til Ski Voss får med dette eit fantastisk løft innover i framtida. Fyrste investering var ein ny ekspress-stolheis med 6-setar. Skiferie, vinterferie, påskeferie eller berre ei flott helg på ski. Prøv oss til vinteren. Book gjerne overnatting alt no for å sikra deg plass.
- Vi skal løfte oss opp i eliteserien, sette Voss og Myrkdalen på kartet i alpin-Noreg, og forsterke dette som ein heilårs reiselivsdestinasjon, seier Egil Svoren som er styreleiar i Voss Fjellandsby AS. Til saman 11 skiheisar med eit gigantisk løypenett og kapasitet på 15 000 gjestar kvar dag er planlagt i Myrkdalen, som ligg ein halv times køyring frå Voss i eit av Noregs mest snøsikre fjellområda mot Vikafjellet.
- Det gjer oss til eit av dei største alpinanlegga i Noreg, seier dagleg leiar i Voss fjellandsby, Nils Akselberg.
Sidan starten i 2003 er det investert 132 millionar i skiheisar og serviceanlegg. Neste steg i utbygginga er eit nytt hotell til 200 millioner som skal stå klart i november 2012. Voss fjellandsby har satt seg føre eit mål om å nå ein omsetnad på heiskort til 30 millionar i løpet av tre år.
- Bakgrunnen for at vi føretek desse investeringane allereie nå, er at kapasiteten på overnatting i helgane er langt på veg sprengd. Stolheisen som sto klar sesong 08/09 har ein kapasitet på 3000 personar i timen og er blitt ein stor suksess. Voss fjellandsby har som mål å vere det sjølvsagte fyrstevalet for skihungrige vestlendingar, men òg eit godt alternativ for andre nordmenn og skituristar frå utlandet. Området gir muligheiter for alle kategoriar alpinistar og laussnø køyring.
- Snøen lavar ned i Voss fjellandsby på vinterstid. Fjellandsbyen er med snødjupner opp mot fem meter ein av dei mest snøsikre skidestinasjonane i Europa. Dette syner at Voss fjellandsby i Myrkdalen har ei svært lys framtid som alpin leikegrind for heile familien, seier Akselberg.
Fakta om Voss fjellandsby, Myrkdalen
- Omsetnad på 100 millionar kroner i 2007
- Plassering i Myrkdalen, 13 mil aust for Bergen
- Ope kvar dag mellom 10.00 og 16.30 i ski sesongen
- Hytter, leilegheiter og studioleilegheiter i kort avstand til alpinanlegget
- Eigarar: Schage Eiendom AS 60% og Grendahl Holding AS 40%
Klikk her for å se presentasjon av våre overnattingstilbod. Klikk her for å lade ditt skikort online