Laurdag og sundag blir det opplevingshelg i Myrkdalen hjå Voss Fjellandsby. Jakt- og friluftsmesse med hesteriding, skyting med hagle og luftgevær, natursti, skattejakt og køyring med ATV er nokre av aktivitetane.
På kveldstid fredag og laurdag er det tid for Fjellswingen, her vert det dans.
Aktivitetar og salsmesse
Villmarksmessa i Myrkdalen er ei salsmesse som gir deg gode tilbud på utstyr til villmarksturen og tillegg blir det ei rekke aktivitetar du kan prøve. Luftgeværskyting, leirdueskyting, sykkelløype, fiskekurs, natursti, skattejakt, foto og GPS kurs, flugebinding, måloppdagelse, mat og vinkurs, natursti og hesteriding står på programmet.
Voss Jeger og Fiskarlag gir deg et minikurs i stong og flugefiske. Her kan du lære nokre av hemmeligheitene som gir deg ein minnerik fisketur. Kanskje du vurderer å bli jeger? Då får du også info om jegerprøvekurs og gode råd om jakt og fiske.
Gastronomiske tips
Vin og mat høyrer i hop i Myrkdalen får du tips til kva vin du kan servera med ulike rettar av vilt. I tillegg får du tips om korleis maten kan bli tilberedt frå heil skrott til tallerken.
Ta ein tur til Myrkdalen, så får du med gastronomisk påfyll og inspirasjon. Restauranten i Myrkdalsstovo serverer ulike viltrettar messedagane.
Fjellswingen
Fredag og laurdag kveld arrangeres Fjellswingen i Myrdalsstovo. Her blir det utedans i telt med stort dansegolv i flott natur. Forehandssalg av billettar hjå Billettservice og Statoilstasjonen på Voss.
Klikk her for å sjå programmet og våre supre messetilbod.
Overnatting
Du er velkomen til å bu i flotte hytter denne helga. Ta kontakt med oss, så får du plass om de er to personar eller fleire.