Freestyle sirkuset opna onsdag 18. februar med flotte løyper. Her var det mykje god og heftig skikøyring å sjå.
Klikk på bildene for å se slideshow.
Det var snøver og tett skodde i starten, men heldigvis letta det opp utover dagen.
Ja no snøar dei nesten ned
i Myrkdalen og vil helst ha litt opphald. Over halvmeteren er
komme dei siste par dagane og løypegjengen spar seg nesten "ihel"
for å få løypene klare. Løypesjef Asbjørn skorpen og gjengen hans
frå Voss Jordbruksskule har gjort eit fantastisk arbeid med løypa.
Det var skikross som stod på
programmet fyste dagen. Ca 120 menn og kvinner tilsaman var med
i konkurransen. Mange av desse er gode slålomkøyrarar.
Ein har berre eit forsøk i den tøffe bakken som er ca 1 km lang med
ei fallhøgde på 200 meter. Dette liknar litt på mini storslålom
med krappe svingar og hopp på rekkje og rad nedover. Sikten var dårleg,
men bakken var svært godt merka, så løparane fann traseen.
I kvalifiseringa, køyrer løparane åleine.
Løpet tek ca eit minutt og
dei 32 beste av kvart kjønn kjem til finalen. I finalen, startar
det heat med fire løparar som skal ned den smale banen samstundes.
Heatvinnarane endar til slutt i finalen. Her kan det skje mykje rart
og løpet er sjølvsagt eit frieri til publikum. Onsdag vart det
ein del knall og fall, men ikkje nokon alvorlege skader. Skicross
vert arrangert for fyrste gong i Norge med WC-status.
Torsdag er det finale i skikrossen.
I kulebakken var løypesjef
Kari Traa aktiv med å ferdiggjera bakken. Løparane hadde trening
og mange luftig svev var å sjå. Dei startar opp konkurransen på fredag.
Tekst og foto: Sveinung Klyve