Véret i dag
Tre dagars - yr.no
Skyet
-11
Snø
-11
Snø
-4
Skyet
-6
Snørapport/Opne heisar
320cm
MX-skimesse i Myrkdalen

MX-skimesse i Myrkdalen

Den årlege MX-sport skimessa gjekk av stabelen i Voss Fjellandsby 10-11 januar. Her kunne folk prøva utstyr og gå på skikurs. Voss Fjellandsby er verkeleg vorte ein møteplass for skifolket.

For alle

MX Skimesse i Myrkdalen

Skimessa til MX-sport vart ein suksess med mykje folk og stor aktivitet.

 

Laurdag 10. januar var det strålande vêr med varmegrader og sol. Ca 1500 personar var i anlegget. Sundagen var prega av snøvêr oppe og regn nederst. Likevel var det ca 500 personar i anlegget.  Me er svært nøgde med helga, fortel dagleg leiar i Myrkdalen Fjellheisar, John Ivar Norheim.

MX-sport hadde salstelt for ulikt skiutstyr. Folk kunne også prøva utstyr i bakken. Swix hadde eige smyrjetelt med rettleiing og preparering av ski.

Voss Fjellandsby Skiskule hadde kurs for store og små i greinene snøbrett, slalom, telemarkski og turski.  Deltakinga var stor på kursa med masse folk gruppert etter alder og grein. Dei var utstyrt med fargevestar og viste godt att i løypene.

Stor aktivitet

Nede ved Myrkdalsstova var det blide folk å sjå overalt; på ski, med nista på benken ute i den varme sola eller inne for å få seg ein matbit.

I barnebakken var det stor aktivitet og eige slalomrenn med portar for dei minste. 

Innsatsen var stor og alle fekk bruka den tida dei trong.

På eit anna område var det opplæring i snøbrett.  Eit par gutar var berre 6-7 år,  men beherska brettet overraskande fort.

Lenger oppe i bakken prøvde ei gruppe med blanding av store og små seg på telemarksving.  Dette er vanskeleg og krev mykje trening.


Teke i betraktning det kraftige regnet som hadde vore høgt til fjells dagane før, var løypene bra i helga.  Laussnø var det ikkje laurdag, men snøveret gjorde harde bakkar om til mjuke snødyner om sundagen.

Sjølv det øverste delen av anlegget ligg så pass i le at ein ikkje merka så mykje til ein kraftig vestavind som gjorde at Vikafjellsvegen var stengd.

Det er kjekt å sjå Voss Fjellandsby er vorte ein viktig møteplass for skifolket på så kort tid.

 

Utviklet av BRIK