Véret i dag
Tre dagars - yr.no
Skyet
-11
Snø
-11
Snø
-4
Skyet
-6
Snørapport/Opne heisar
320cm
Knallforhold i Voss Fjellandsby

Knallforhold i Voss Fjellandsby

Dato: 04.11.2010
Ved Voss Fjellandsby sitt skianlegg i Myrkdalen var det 6. desember knallforhold med særs gode løyper, knallver og mykje folk.
Laurdag var det flott ver - vindstille og minus 3 grader. Det var gode løyper ved trekka i Vetlebotn med 15 cm nysnø og varmande sol. Det var også offisiell åpning av Krånitrekket kl. 11.00.

Jill Garden dagleg leiar i Voss Fjellandsby Skiskule AS og dagleg leiar i Myrkdalen Skiheisar, John Ivar Norheim stod for opninga der "reinsdyret" klipte snora og etterpå delte ut godteri til alle.

Norheim fortel at det var ca 1300 einskildpersonar i anlegget 6. desember. - Ja det er utruleg og gledeleg at så mange står på ski så tidleg i sesongen, seier han.

Oppe i den nye Kråniløype møter eg Valborg Kristine Haugland (19 år) saman med ein flokk med 9 ivrige ungar.

- Me kjem frå Fana skiklubb og eg trenar i dag ei gruppe med 6-9 åringar som lærer seg slalom. Me er her no i helga og mange av borna høyrer til hytter i Myrkdalen Fjellandsby, fortel ho blid og engasjert.

- Utruleg at det er så gode forhold her, seier ho i det ho set utfor med ei rekkje av smårollingar rett bak seg.


Utviklet av BRIK