Messa samla mykje folk 9.-10. januar.
Laurdag 9. Januar og Sundag 10. Januar var det skimesse i Myrkdalen. Rundt 3.500 trossa kulden og tok turen til Myrkdalen. Gradestokken viste langt mindre minusgrader i Myrkdalen enn til dømes i Voss Sentrum. Mange nytta høve til å få pussa på skiteknikken og læra nye ting. MX-sport og deira leverandørar hadde stor trafikk i salgsteltet der mange gjorde ein god handel. Demoskia vart brukt mykje og folk fekk prøvd det dei ville av ski. Avslutningssalet med posesal skapte ei hektisk avslutning på helga.
Det blir nok ny messe neste år!
Her er programmet som var i helga.