
Skibuss og skitog i jolaferien
Dato: 04.11.2010
Skibussen og skitoga er i full gang men det vert nokre endringar på rutetidene i jola.
Skibussen går som vanleg klokka 10.00 frå jernbanestasjonen kvar morgon no i jolaferien. Retur blir frå Myrkdalen klokka 16.00 med unntak av 26. og 31. desember og 1. januar. Då blir returen frå Myrkdalen klokka 15.00. Dette er grunna at NSB innstiller toga som me vanlegvis nyttar.
NB! Alle som nyttar Skibillett Myrkdalen må sjekka nøye kvar dag når ein kan ta retur frå Voss med toget, pga at denne billetten berre kan nyttast på lokaltoga.