for område S1 (Voss Fjellandsby) i kommunedelplan for Myrkdalen.
Områdeplan for område S1 vart behandla i Voss Kommune FPL 17. mars 2011 og planen er lagt ut til høyring med frist for fråsegn 7. mai 2011.
Som ein del av høringa ynskjer me å invitere til eit informasjonsmøte om planen torsdag 7. april klokka 19.30 i Myrkdalsstovo.
Tilstades på informasjonsmøtet vert:
Nordplan v/Janne Midtbø og Roger Holgersen
Voss Kommune
Voss Fjellandsby v/Nils Akselberg
Statens Vegvesen v/Hilde Gunn Stenseth
Ein kan finne meir informasjon om planen om du trykkjar på linkane under.
Områdereguleringsplan for område S1
Planarkiv
Det vert også invitert til ein kontordag fredag 8. april frå klokka 14.00 til 19.00.
Her kan alle som er interessert komme innom for å sjå planane, få svar på spørsmål og komme med innspel og kommentarar.
Kom innom når det passar for deg!
Tilstades på kontordagen vert:
Planleggjar: Nordplan v/Janne Midtbø og Roger Holgersen
Tiltakshavar: Voss Fjellandsby AS v/ Nils Akselberg
Grunneigar: Bygardsli Grunneigarlag v/ Olav Hirth eller Narve Lirhus / John Ivar Nordheim
Me ynskjer alle som er interessert velkommne