Våren 2011 har me gleda av å ynskja velkomen til ein av Noregs flottaste klatreparkar.
Høgdeløype med totalt 29 ulike klatre og balanse hinder der den høgaste aktiviteten befinn seg meir enn 12 meter over bakkenivå. Blant aktivitetane kan nemnast 2 zip-lines der den lengste er på over 70 meter. Aktivitetane er fordelt på 2 løyper slik at fleire gruppar kan aktiviterast samstundes i parken. Høgdeaktivitetane er varierte, morsame og utfordrande for barn så vel som vaksne.
Kvar sundag frå 15. mai og ut sesongen samt kvar torsdag frå 7. juli til og med torsdag 25. august er det 4 faste turar.
Start tidspunkt for turane er 10.00, 12.00, 14.00 og 16.00.
Pris for klatrepark desse dagane er kr 200,- for barn under 15 og kr 300,- for vaksne.
Kle etter vertilhøve og solide sko.
Aldersgrensa er 10 år eller minumum 140cm