Véret i dag
Tre dagars - yr.no
Skyet
-0
Skyet
-1
Delvis skyet
-4
Skyet
2
Snørapport/Opne heisar
0cm

Sykkel tur med Snjo & Taoe

Me vil denne våren, sommaren og hausten arrangera guida sykkelturar og rideturar kombinert med sykkelturar.
Tur frå Myrkdalen til Vinje med terrengsykkel.

Transport frå Myrkdalsstovo i Voss Fjellandsby til Revhaugen. Då er mykje av stigningane allereie unnagjort og me tek turen gjennom vakker støls natur ned Oppheimsdalen og delar av Kongevegen til Vinje.
Mat og drikke vert servert ved Reppane.
Transport tilbake til Voss Fjellandsby frå Vinje.

Pris pr person: 600 kr inkludert alt.

Dato for turane er sundag 06.06.2010, 20.06.2010, 04.07.2010
Me startar klokka 12.00 og påmelding gjer du til tlf 950 81 902 innan 16.00 dagen før.

Ynskjer de andre datoar tek de berre kontakt med oss.

Ridetur kombinert med sykkel tur.

Også her møtest me ved Myrkdalsstovo i Voss Fjellandsby så reiser me bort på Årmot og startar rideturen opp til Reppane. Dette tek ca 1,5 time i flotte omgjevnader. Vel framme til Reppane vert det mat og drikke. No forlet me hesteryggen og syklar i vakker stølsnatur ned Oppheimsdalen og delar av Kongevegen til Vinje. Her vert det transport tilbake til Voss Fjellandsby.

Pris pr Pers: 1200 kr inkludert alt.

Dato for turane er sundag 06.06.2010, 20.06.2010, 04.07.2010
Me startar klokka 12.00 og påmelding gjer du til tlf 950 81 902 innan 16.00 dagen før.

Ynskjer de andre datoar tek de berre kontakt med oss.

Me kan også sy saman andre turar etter ynskje og behov.







E-post: staale@snjoogtaoe.no
Tlf: 950 81 902
Utviklet av BRIK