Véret i dag
Tre dagars - yr.no
Skyet
-11
Snø
-11
Snø
-4
Skyet
-6
Snørapport/Opne heisar
320cm
Kjelketur til Mørkve

Kjelketur til Mørkve

Dato: 05.01.2012
Me fortsette suksessen med kjelketurar denne vinteren også.

Turen går frå toppen av stolheisen til Mørkvestølen på snowracere. Her vert det servert ein liten matbit på stølen. Etter på tek me kjelkane vidare ned stølsvegen til Mørkve.
Turen varer i ca. 2 timar og passar for alle, born under 12 bør vera i fylgje med vaksne.

Kjelketurane vert helde kvar laurdag klokka 15.00 i januar og frå 16.00 i februar og fram til påske.

Billettar kan kjøpast i resepsjonen i Myrkdalsstovo før klokken 14.00 samme dag og kostar 250 kr pr person. 800 kr for Familiepakke (2+2)

Kontakt oss på telefon: 950 81 902 eller E-post staale@snjoogtaoe.no

Gode vinterkle og sko er nødvendig. Hjelm er påbudt, om du ikkje har hjelm kan du leiga hjelm i skiutleiga.
Utviklet av BRIK