Kom i Myrkdalstemning:
Puls / Leik / Flyt / Ro
puls

Å springa ute i naturen gir meg masse overskot. Eg kan kjenna meg trøytt, men med ei gong eg kjem meg ut får eg ei sterk kjensle av energi og av å vera til stades. Naturen er alfa og omega.

Lars Erik Skjervheim, motbakkefantom

Bestefar kom frå Skjervheim i Myrkdalen. Han var ein sprek kar som sprang mykje i fjella rundt her. Når han skulle besøka kameraten sin på Gullbrå, gjekk han fram og tilbake over fjellet, nesten tre mil til saman. Han har vore til stor inspirasjon for meg.

I Myrkdalen ligg mektig og urørt natur og ventar på meg rett utanfor dørstokken. Å utfordra meg sjølv i dette fantastiske området betyr mykje for meg. Det er ein motivasjon som alltid har vore der – å kunna springa raskt i fjella utan å slita, berre flyta av garde.

Myrkdalen ligg rett ved Stølsheimen landskapsvernområde. Her er det nok å bryna seg på for alle som meiner det beste treningssenteret ligg utandørs. Me gir deg den beste opplevinga. På ski og til fots. Nedover og bortover. Det ligg i vår natur.

Kom i Myrkdalstemning:
Puls / Leik / Flyt / Ro
leik

På slutten av klatreparken er det ein taubane som går heilt ned til bakken – det er kjekt! Eg har vore mange gonger i vindtunnelen òg. Du kvir deg litt fyrste gongen, men når det er din tur lener du deg ut og så forsvinn alle tankane og så berre, så berre flyg du!

Petter, 9 år

Ein treng ikkje vera redd i klatreparken for ein er veldig trygg. For eksempel mista eg balansen på eine plattforma, men så berre svinga eg ut, for tauet heldt meg igjen.

Om sommaren badar eg heile tida, og masse i fjellvatn. Ein gong bada eg nesten på toppen av eit fjell. På over tusen meters høgde. Det var faktisk varmare enn Vangsvatnet for vatnet var så lite og ikkje så veldig djupt.

Myrkdalen byr på eit mangfald av aktivitetar. Vegen er kort både til fjordidyll og adrenalinfylte eventyr. Plukk deg eitt og nyt det. Me gir deg den beste opplevinga. På ski og til fots. Nedover og bortover. Det ligg i vår natur.

Kom i Myrkdalstemning:
Puls / Leik / Flyt / Ro
flyt

Borte frå kvardagen ligg flytsona. Kanskje rett rundt neste sving.

Ole Kristian Årmot, lokal ekstremsportentusiast

I naturen søkjer eg nye opplevingar. Ein veit aldri kor tid det hender, det ein berre opplever ein gong i livet. I fjor såg eg ei ørn ta ein hare berre 15 meter frå meg i fjellet.

Dei sista åra har det vore mykje sykling, utforsykling. Her i Myrkdalen går det ein veldig bra sti frå Vetlebotn ned til Helgatun. Det også mykje bra stisykling i området rundt, på Vossestrand og Vikafjellet. Men om det er på sykkel, til fots, eller på ski – det er dette med å kome seg bort frå kvardagen og inn i eit nytt modus. Då kan flytsona liggja rundt neste sving.

Frå Myrkdalen kan du sykla, på landeveg og i terreng. Smale vegar, hårnålsvingar, fossefall, høgfjell og fjord – på ein og same tur. Me gir deg den beste opplevinga. På ski og til fots. Nedover og bortover. Det ligg i vår natur. Myrkdalen.no

Kom i Myrkdalstemning:
Puls / Leik / Flyt / Ro
ro2

Ei stund til overs. Tid til å ta ned skuldrene og vera den ein er.

Jorunn Hirth, dyrekjær myrkdøl

Eg minnest somrane, når bestemor lokka på kyrne og mjølka spruta ned i sinkbøtta. Myrkdalen er for meg den finaste plassen på jord. Av og til kan eg berre kika ut glaset, og synet i seg sjølv gjev meg ei kjensle av fred. Heldigvis er eg også glad i vinteren. Når store snøflak dansar ned frå skyene er det magisk.

Myrkdalen ligg midt i eit mektig landskap av fjell og fjord –  meir enn stort nok til at du kan kjenna deg liten – på den gode måten. Myrkdalen gir deg den beste opplevinga. På ski og til fots. Nedover og bortover. Det ligg i vår natur.